Elizabeths veg til trona

ELIZABETH
KAMPEN OM TRONEN
David Starkey, omsett av Anette Hjerde, Vega Forlag, 2011, kr 349.
LESEN AV TORUNN REKSTEN

Kamp på liv og død for å bli dronning

Den gåtefulle dronning Elizabeth 1. (1533-1603), dotter av kong Henrik 8. og Anne Boleyn, er ein av dei mest spennande og fascinerande personane i britisk historie. Dette er soga om korleis ho vart forma som menneske i turbulente år gjennom ein usikker og skiftande oppvekst der ho rakk å vere både prinsesse og tronarving, bastard og utstøytt, fange i Tower of London og ei hårsbreidd frå skafottet før trona omsider vart hennar.

Som ein kjærleg beundrande bestefar skildrar Tudor-eksperten David Starkey den unge Elizabeth som både “klok”, “fornuftig”, “irriterende” og “jålete”. Med forfriskande nye fokuspunkt forklarer han vala Elizabeth tek, i lys av religionskampar og kongeleg etikette i samtida. Entusiasmen smittar, og eg lèt meg meir enn gjerne ta i handa og føre gjennom triumf og tragedie, eventyr og politisk spel medan Starkey peikar, greier ut og kviskrar meg digresjonar og høgst subjektive spekulasjonar i øyret medan han freidig kritiserer historikarar han meiner har misforstått både dokument og hendingar.